Helse og omsorg, Haram indre, søkjer sjukepleiarstudentar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleieassistentar.
Dei ulike avdelingane har ulike arbeidstidsløysingar.
Det er anledning til langvakter i dei fleste avdelingane, nokre inntil 14 timar.
Eidet omsorgssenter opna i 2017 og ligg på Eidet mellom Vatne og Tennfjord, og er ein del av Haram Omsorgssdistrikt.
Haram indre består av Eidet Omsorgssenter, Dagsenter Eidet og heimetenestesta.
Eidet omsorgssenter avd.
1 - langtid, HDO (heildøgnsomsorg) og korttid
Vi behandlar søknadar fortløpande.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester.
Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov.
For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt.
Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere.
Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre.
I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre.
I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Du kan søkje deg til desse avdelingane:
HEIMETENESTA
Heimesjukepleien yter teneste til personar som, på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetjing, har behov for hjelp i kvardagen, men som framleis bur i eigen heim.
Tenesta gir praktisk bistand og helsefagleg oppfølging i situasjonar der pasienten ikkje meistrar oppgåvene sjølv.
Målet er å bidra til at kvar einskild kan bu heime så lenge som mogleg og vere mest mogleg sjølvhjelpen i kvardagen.
Heimesjukepleia tilbyr mellom anna hjelp til dagleg stell og personleg hygiene, dusj, legemiddelhandtering, oppfølging av ernæring og tilrettelegging av enkle måltid.
Tilsette i heimesjukepleien nyttar kommunale bilar når dei reiser til og frå pasientane som del av det daglege arbeidet.
EIDET OMSORGSSENTER AVDELING 1 - LANGTID OG KORTTID
Langtidsavdelinga er eit bu- og behandlingstilbod for personar som ikkje lenger kan bu i eigen heim.
Avdelinga har 11 bebuarar.
Korttidssavdelinga gir eit tidsavgrensa tilbod til pasientar som treng tett oppfølging etter utskriving frå sjukehus, eller som av andre årsaker har behov for ei overgangsordning.
Målet er å sikre ein trygg og fagleg forsvarleg overgang frå spesialisthelsetenesta til heimen, eller vidare tilpassa omsorgstilbod.
Avdelinga legg til rette for kartlegging av pasienten sitt vidare hjelpebehov, og tilbyr målretta og tverrfagleg rehabilitering for å styrke funksjonsevne, meistring og sjølvstende i kvardagen.
Her får pasientane oppfølging innan blant anna, daglege gjeremål, legemiddelhandtering, ernæring og medisinsk observasjon.
Avdelinga arbeider aktivt for å fremje mestring hos pasientane og sikre at dei får ei best mogleg tilpassa oppfølging når dei skal vidare i behandlingsforløpet.
EIDET OMSORGSSENTER AVDELING 2 - LANGTID
Langtidsavdelinga er eit bu- og behandlingstilbod for personar som ikkje lenger kan bu i eigen heim.
Avdelinga har 22 bebuarar, hovudsakleg eldre, som får oppfølging og omsorg basert på individuelle behov og vurderingar.
Personalet legg stor vekt på å skape trygge og stabile rammer gjennom heile døgnet, og å bidra til god livskvalitet, tryggleik og verdig omsorg for kvar einskild bebuar.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar, helsefagarbeidar eller pleieassistent vil du bidra til å sikre pasientane god omsorg, tryggleik og fagleg forsvarleg helsehjelp.
Arbeidsoppgåvene vil variere noko etter kompetansenivå, men kan omfatte:
Alle tilsette må kunne arbeide sjølvstendig, ta ansvar i situasjonar som oppstår, og samtidig bidra aktivt i teamet for å sikre trygg og kvalitativ helsehjelp.
Spesifiser i søknaden kva avdeling søknaden gjeld.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål.
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar.
Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien.
I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien.
Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra.
Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sverige
Norge
Danmark