Bygg og anlegg
Helse og sosial
Håndverkere
IT
Industri og produksjon
Kontor og økonomi
Kultur og kreative yrker
Natur og miljø
Reiseliv og mat
Salg og service
Sikkerhet og beredskap
Transport og lager
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Utdanning
 
 
< tillbaka
 

Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering

Lurer du på kva du skal spesialisere deg i? Har du lyst å jobbe med ein spennande spesialitet og samtidig ha ei "gunstig vaktordning"? 
Då må du søke denne stillinga!

Vi har ledig eit vikariat for lege i spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering med oppstart 05.01.26, eller etter avtale!

Stillinga er ved seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som høyrer til Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering.
Seksjonen inneheld sengepost med 20 senger + 4 senger på pasienthotellet.
Pasientgruppa som får tilbod på døgnpost er pasientar med komplekse fysiske og/eller kognitive funksjonsnedsettingar som følge av skade/sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraumer og amputasjoner.
Seksjonen yter også ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før/etter innlegging til desse pasientgruppene.
Seksjonen inneheld også poliklinikk for fysikalsk medisin, inklusiv HelseIArbeid poliklinikk.
Det er tett arbeid i tverrfaglege team både på sengepost og poliklinikk.
Legegruppa er ein ung og framoverlent gruppe som bidreg til fagutvikling og til utdanning av nye spesialistar.
Vi har eit godt arbeidsmiljø med sosiale møtepunkt både i og utanfor arbeidsplassen.  

Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR.


Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk arbeid
  • Sengepostarbeid
  • Det er forventa at en deltek i seksjonen si vaktordning
  • LIS har vakt for tiden kvar 5.
    veke med heimevakt med utrykningsplikt på kvardagar frå 16.00 - 21.00, og i helg frå 09.00 – 14.00                                  
  • Det er ikkje vakt på raude dagar i jul og påske

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskeleg med erfaring innan fysikalsk medisin og rehabilitering, erfaring fra allmennmedisin er også positivt
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Søkarar som ikkje har fullført LIS1 kan også vurderast         

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
  • Du har evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du må beherske norsk munnleg og skriftleg

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø med ca 10 ulike faggrupper
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Vaktordning med heimevakt 16-21 på kvardagar og 9-14 i helg
  • Vaktfri på raude dagar i jul og påske
  • Ein fremtidsretta arbeidgivar som hensyntar alle livsfasar
  • Internundervisning og fagutvikling 
  • Rabattavtaler på treningssenter og sportskjeder
  • Deltaking i seksjonen si eiga løpe- og/eller innebandygruppe
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge.
Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr.
Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar.
Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Synnøve Opsahl Melseth, Seksjonsleiar, synnove.opsahl.melseth@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5050719566
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 30.06.2026
Søknadsfrist: 31.12.2025


Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket.
Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester.
Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR.
Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune.
I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling.
Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt.
Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga.
Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet.
Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova.
Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort.
Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste.
Unntak skal grunngjevast frå søkar si side.
Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din.
Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå 
Helse Møre og Romsdal 


KLINIKK FOR KREFTBEHANDLING OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF


Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Norge
webbsida: helse-mr.no
Synnøve Opsahl Melseth
Seksjonsleiar
epost
publicerad: 2025-12-05
Heltid
start: 2026-01-05
Vikariat
sista ansökningsdag: 2025-12-31
erfarenhet:




Källa: ArbetsAnnonser.se