Br.Wangen AS søkjer ein utadvendt og erfaren salsansvarleg for turoperatørar og
FIT-marknaden.
Du vil få ein sentral rolle i å vidareutvikle samarbeidet vårt med nasjonale og
internasjonale aktørar innan turoperatørsegmentet, grupper, FIT og MICE.
Stillinga er ein del av vårt sal- og marknadsteamet.
Dine hovudoppgåver vil vere:
- Ansvar for oppfølging og utvikling av turoperatørar og samarbeidspartnarar innan FIT,
grupper og MICE – inkludert forhandlingar, kontraktarbeid og kampanjeutvikling.
- Initiere og leie samarbeid med både eksisterande og nye partnarar for å styrke
trafikken særleg i perioden oktober–april ("new season").
- Arbeid med salstrategi og struktur for ulike kundesegment.
- Bidra aktivt i utvikling og oppfølging av strategiplanen for sal og marknad.
- Delta på workshops, messer og kundebesøk.
- Planlegge og gjennomføre visningsturar.
- Vere ein aktiv bidragsytar i marknadsteamet, inkludert idé- og produktutvikling.
Vi søker deg som har:
- Relevant utdanning innan reiseliv, marknadsføring og hotell.
- Erfaring frå sal og samarbeid med turoperatørar, eller tilsvarande B2B-relasjonar.
- God forståelse for reiselivets verdikjede og evne til å bygge langsiktige relasjonar.
- Gjerne erfaring frå workshops.
- Strukturert og sjølvstendig arbeidsform, med gode samarbeidsevner.
- Gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg – norsk/skandinavisk og
engelsk er eit krav.
- Erfaring med CRM-system og rapportering er ein fordel.
Vi tilbyr:
- Ein variert og spennande arbeidskvardag i ein framtidsretta reiselivbedrift.
- Moglegheit til å påverke og utvikle heilårsreiselivet i Flåm og Aiurland.
- Fagleg utvikling i eit inkluderande og engasjert team.
- Kontorstad i vakre Flåm og Aurland – med tett samarbeid på tvers av fleire selskap i
konsernet.
Stillingstype: 100 %, fast stilling.
Søknadar vert vurdert fortløpande.
Tiltredelse etter avtale.
Vil du søke på stillinga?
Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål vedrørande stillinga.
Send søknad med CV til Monna Kjos, Sal & Marknadssjef.
Telefon +47 91 31 08 21
E-post: monna@flamsbrygga.no
Søk her:
https://www.flamsbrygga.no/om-oss/ledige-stillingar/salsansvarleg-for-turoperatrar-og-fitmarknaden
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Om arbeidsgivaren:
Br.Wangen AS er ein lokal eigd reiselivsaktør med base i Flåm og Aurland.
Konsernet omfattar mellom anna Flåmsbrygga Hotell – Bryggerihotellet, rustikt hotell
ved fjorden med konferansefasilitetar, Ægir BryggeriPub, Flåmstova Restaurant og
Furukroa Kafé.
Wangen Apartments i Aurland, moderne leilegheiter med høg standard for kort- og
langtidsopphald.
Mall of Norway ei av regionens største souvenirbutikkar.
Saman tilbyr vi heilskaplege
opplevingar for gjester frå heile verda – med fokus på kvalitet, personleg vertskap og
lokal forankring.