Vi søkjer nye trafikkdirigentar i Sogndal og omegn.
Hva vi ser etter
Vi ser både etter personar som kan jobba fast, deltid eller som <<ringehjelp>> i samband med trafikkdirigering og liknande oppdrag.
Kva vi ser etter
Du er påliteleg og punktleg
Du trivst med å jobbe ute i all slags ver
Du har førarkort klasse B
Du kommuniserer godt på norsk
Tidlegare erfaring er ikkje nødvendig -- vi gjev full opplæring
Jobben høver godt for både unge personar og pensjonistar, og andre som ynskjer å spe litt på inntekta si.
Arbeidsoppgaver
Eksempler på arbeidsoppgåver:
Manuell trafikkdirigering ved vegarbeid, arrangement, ulykker/omkøyringar og andre stader med redusert framkome.
Kjøre ledebil
Sette opp, flytte og ta ned skilt og sikringsutstyr: kjegler, sperringar, gjerder, varsellys, skilt, ledeanordningar.
Sikre arbeidsområde og sørge for trygg ferdsel for bilistar, gåande og syklistar.
Kommunisere med trafikantar og gi enkle instruksjonar/veiledning på ein roleg og tydeleg måte.
Samarbeid med anleggsleiing/arbeidslag og eventuelt politi/arrangør for å få flyt og tryggleik til å fungere.
Overvake trafikkbiletet og tilpasse reguleringa ved kø, endra risiko, utrykking osv.
Rapportere avvik/hendingar og dokumentere etter rutinar (t.d.
logg, bilde, melding til arbeidsleiar).
Enkel kontroll av utstyr (batteri/lys, refleks, skiltstatus) og melde frå om feil/mangel.
Følge HMS-rutinar: korrekt bruk av verneutstyr, sperring, trygg plassering, og jobbe etter godkjent arbeidsvarslingsplan.
Vi tilbyr
Kvifor jobbe hjå oss?
Opplæring inkludert
Full opplæring og kursing vert gjeve -- ingen tidlegare erfaring er nødvendig.
Fleksibel arbeidstid
Vi tilbyr fast, deltid eller ringehjelp -- du vel kva som passar deg.
Lokale oppdrag
Jobbar i Sogndal og omegn.
Varierte oppdrag
Spennande og varierte arbeidsoppgåver hjå ulike kundar.
Profesjonell trafikkavvikling på Vestlandet
Voss Trafikkavvikling leverer trygg og effektiv trafikkdirigering, følgjebiltenester og arbeidsvarslingsplanar for alle typar vegprosjekt.
Alt du treng for trygg trafikk
Vi tilbyr komplette løysingar for trafikkavvikling og -sikring ved vegarbeid, arrangement og spesielle situasjonar.
Vi tek oppdrag på heile Vestlandet -- Bergen, Voss, Hardanger, Sogndal og omegn.
Voss Trafikkavvikling AS benytter seg av hjelp til rekruttering levert av Først & Fremst.