Om stillingaEr du «god» til å formidle - skriftleg, munnleg og visuelt - og klar for nye utfordringar? Brenn du for å skape treffsikre bodskap og utnytte potensialet i digitale kanalar? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Hva vi ser etter
Er du <<god>> til å formidle - skriftleg, munnleg og visuelt - og klar for nye utfordringar? Brenn du for å skape treffsikre bodskap og utnytte potensialet i digitale kanalar? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Arbeidsoppgaver
Som kommunikasjonsleiar skal du vere med å fremje senteret sin visjon og målsettingar, samt bidra til synleggjering av senteret sin faglege profil internt og eksternt.
I denne stillinga får du ei sentral rolle i å formidle tilbodet vårt til pasientar, helsepersonell og andre interessentar.
Du vil samarbeide med brukargrupper og organisasjonar, og jobbe for gode rutinar innan intern og ekstern kommunikasjon.
Det ligg ikkje personalansvar til stillinga.
Aktuelle arbeidsoppgåver:
Kommunikasjon:
Vere ansvarleg for senteret sin kommunikasjonsstrategi
Strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid
Bidra til høyringsuttaler, interessepolitiske uttaler og pressemeldingar
Rådgjeving til adm.dir.
i interessepolitiske saker, profilering og mediehandtering
Ha kontakt med relevante eksterne aktørar og brukarorganisasjonar
Marknadsføring og profilering:
Drifte og produsere innhald til nettside og sosiale medium med spesiell vekt på universell utforming
Koordinere og gjennomføre marknadskampanjar og marknadsføring
Styrke institusjonen si merkevare, grafiske profil og omdømme
Vere ein ressurs i utarbeiding av informasjonsmateriell og årsrapport
Vi tilbyr
Ein mangfaldig og spennande arbeidsplass
Varierte arbeidsoppgåver
Gode velferdsordningar og eit godt arbeidsmiljø
Konkurransedyktige vilkår
Vi kan vere behjelpelege med å skaffe bustad
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering.
Senteret gir tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta.
Verdiane vi jobbar etter er respekt og likeverd, og vi er opptatt av å ha eit ressursfokus i tilnærminga til pasientane.
Senteret har driftsavtale med Helse Vest RHF om døgnrehabilitering.
Vi tilbyr både gruppe- og/eller individuelle opphald for vaksne, ungdom og barn.
Det er kring 1100 pasientar til rehabilitering ved senteret kvart år.
Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen.
Det kort veg til skule/barnehage og butikk.
Vi er samlokalisert og samarbeider med den internasjonale skulen UWC Røde Kors Nordisk, og elevane representerer eit stort mangfald på campus.
Senteret ligg flott til ved fjorden som aktivt vert nytta i rehabiliteringa.
Som tilsett har du tilgang til senteret sine treningsfasilitetar både ute og inne.